
Retrospektiv utstilling, Fana Kulturhus, september 2021 — Ivar Jørdre
Retrospective exhibition, Fana Kulturhus, September 2021
Utstillinga “Retrospektiv frå eit kunstnarliv – 40 år med det politiske og det måleriske”. “Kombinasjon – Fridom?”, olje/akryl på lerret, 115 x 110 cm, 1987
Utstilling: Ivar Tveito Jørdre
laurdag, 11. september 2021, 14:00 – måndag, 27. september 2021
Sjå utstillinga “Retrospektiv frå eit kunstnarliv – 40 år med det politiske og det måleriske” i Fana Fana Kulturhus, Nesttun.
Ivar Jørdre har vore utøvande kunstnar i over 40 år, og har vore politisk aktiv nesten like lenge.
Utdanning: Tønsberg Yrkesskule (Malerlinja), Bergen Tegne og Maleskole. Ulike kurs og prosjekt.
Universitetsutdanning: M.a. Kunsthistorie, Hovudfag i Klassisk arkeologi, Kultur- og religionsvitskap.
Jørdre arbeidar med teikning (blyant, kolstift), akuarell, akryl og oljemåling. Denne utstillinga viser mest måleri i akryl og olje, men også andre teknikkar. Ein instalasjon i tre og metall og ein skulptur vert også stilt ut.
Han arbeidar figurativt og abstraherar ein del. Dette vekslar han ein del, og brukar ofte sterke kontrastar, men også det motsette nedtona uttrykket. Motiva kan ofte ha politisk uttrykk, men i alle typar motiv er det måleriske det sentrale.